logo

SK BRANN – VÅR GUD

Det er søndag 12. desember 2021. Klokka er 17.00. Og om to timar skal verda gå under. Eg har orkesterplass til undergangen. Femte rad. Midt på. Men eg er ikkje på Stadion på Brann-Sarpsborg. Eg er i Gøteborgsoperan. På Richard Wagners monumentale Ragnarok. Siste del i den like mektige syklusen som blant opera-aficionados berre blir kalt for Ringen. Ironisk nok så har det i veka før vore diskutert i Ballspark-gruppa på Facebook kor uttrykket «It ain`t over till the fat lady sings» kjem frå. Vel, det handlar om operaen eg skal sjå. For på slutten, så har den kvinnelege hovudrolla, Brünnhilde, eit sangnummer som varer i nesten 30 minutt. Eg kjøpte billett til denne forestillinga i 2018. Kven kunne forestille seg då at NFF skulle feste siste serierunde på terminlista til tredje søndag i advent? Ikkje eg.

Første pause i forestillinga er samtidig med avspark i Bergen. Eg fleksar opp mobilen så snart eg kan, og får sett den første halvtimen av kampen i foajeen, til halvkvalte stønn, som får dei som står rundt meg til å lure på om eg er heilt frisk. Det er eg sjølvsagt ikkje. Ingen Brann-supportarar som eg kjenner er friske, tenkjer eg, der eg går inn for å sjå slutten, kor Brünnhilde, på hesten sin Grane, kjem til å kaste seg i flammehavet som brenner ned Valhall og den gamle norrøne gudeverda. Det er ikkje fritt for at eg samtidig får desse assosiasjonane: Brünnhilde – Brann, Valhall – Stadion, flammar – skjærsild, Ragnarok – nedrykk. Nei, vi er ikkje friske. Men, gudbedre kor religiøse. For mirakel skjer. Idet eg kjem ut frå salen og får slått på mobilen, så leser eg at Brann har slått Sarpsborg 2-1. Vi har fått ein sjanse til.

Den sjansen får eg med meg. Tre kveldar seinare står eg på tribuna på Intility (Gud, så eg hatar den arenaen), som ein av vinnarane av billettloddtrekninga, lukkeleg uvitande om at Sportsklubben Brann dei neste tre timane kjem til å utsetje meg for ein av dei sterkaste religiøse erfaringane eg har opplevd med klubben i vårt 44 år lange forhold.

Forfattar Frode Grytten har samanlikna SK Brann med ein svikefull kjærast. Men eg vil gå endå lengre. Eg vil samanlikne SK Brann med ein guddom. Vent, sa eg samanlikning? Drit i det! Kampen mot Jerv overbeviste meg om at SK Brann er ein Gud. Ein Gud etter den gamaltestamentlege modellen. Det er ein Gud som er lunefull, humørsjuk, hevngjerrig, voldeleg, barnslig og sadistisk. Samtidig som han kan strø rikdom, kjærleik og eufori over tilhengjarane sine. Han opnar Raudehavet for Moses, for så å la Moses fare vill på Sinai-halvøya i ein bibelsk mannsalder (Sinai-halvøya er ikkje så stor). Og då Moses endeleg kjem fram til Israel, og skal ta det første steget inn i det lova landet, ja, så døyr han. Dette liknar på nokon vi kjenner, gjer det ikkje? Vi er Moses. Brann er Gud.

Guden Brann sin religion er bygt opp under liding. Å lide er heile poenget. Viss det ikkje fanst liding igjen, ville Guden Brann gå i oppløysing. Og noko av poenget med liding, er at kvart einaste augeblikk med glede, skal betalast tilbake med høge smerte-renter. Vegen til frelse går ikkje gjennom seriegull. Vegen til frelse går gjennom nedrykk. Dei gongene eit seriegull blir skapt (maks ein gong per mannsalder) så er det fordi vi skal kjenne ekstra sterkt på tapa som kjem i ettertid. Guden Brann skapte ikkje sigeren mot Sarpsborg i siste serierunde for å skape glede. Guden Brann skapte den fordi lidinga vart forlenga. Håpet og nåden finst ikkje i medaljar og cupfinalar. Håpet og nåden er ein halv serie av «må vinne»-kampar på hausten, kor alle så nær som ein endar med uavgjort eller tap. Håpet og nåden er kvalik-kamp mot Jerv. Håpet er å bli løfta opp: 1-1. Nåden er å bli slengt ned: 2-1 og 3-1 Håpet er å bli løfta opp: 3-2 og 3-3. Nåden er å bli slengt ned: 4-3. Håpet er å bli løfta opp: 4-4. Nåden er … sesongens brente straffespark. Guden bærer navnet sitt med rette. SK Brann er ein evig skjærsild. Himmelen er helvete.

Så det er berre å spenne seg fast. Velkommen til Obos! Guden Brann sitt nattverdsmåltid. Snart, kanskje allereie mot Ranheim, skal vi få våre timar på krossen.  

Av Stig Elvis

Relaterte artikler

Diaspora? Diaspora.

Av Helge I ukene før påsken 2022 fikk byen Oslo usedvanlig mye omtale i så vel tradisjonelle som sosiale medier. For noen av oss som

Read More »

Husk partoutkort.no

Januar 2022 dukket plutselig en ny nettside opp det store internettet. Partoutkort.no kom til verden som en frisk pust i et ellers kjipt vinterhalvår der

Read More »

Den 12. Mann dør aldri!

Supporterkulturen handlar sjølvsagt mykje om sangar, tifoar og borteturar til ymse stader i verda. Men også det å skrive om klubben vi elskar og livet

Read More »

Trollet ska hem!

Jeg har mange venner og bekjente som kunne passet godt til beskrivelsen “Stadiontrollet”. Skjeggete menn med til dels rund kroppsform og en noe uforutsigbar atferd.

Read More »

Dagens profil: Tuva Hansen

Tuva Hansen skriver historie før hun hadde spilt en eneste tellende kamp for Brann. Hun er tidenes første kaptein i et kvinnelig seniorlag for Brann.

Read More »

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *