logo

Den 12. Mann dør aldri!

Supporterkulturen handlar sjølvsagt mykje om sangar, tifoar og borteturar til ymse stader i verda. Men også det å skrive om klubben vi elskar og livet rundt den er ein viktig del av denne kulturen vi er så glad i. Då norske supporterar tok til å organisere seg meir seriøst på 1990-talet, vart det svært viktig å ta ordet sjølv. Dei kunne ikkje overlate dette til klubben sjølv, og langt mindre til media, som gjerne hadde eit negativt og fordomsfullt syn på desse støyete folka som dreiv rundt og sang på fotballkampar. Derfor oppstod ein blomstrande eng av supporterfanziner i heile landet, kor dei mest aktive skreiv alt mulig både om eigen klubb, eigne supporterar og – ikkje minst – motstandarsupporterar.

Rundt Sportsklubben Brann har det levd ei lang rekke fanziner opp gjennom åra. Aller mest legendarisk er nok dei to pionérfanzinene The Red Army og Barten, som slett ikkje var einig om alt seg imellom. I dette 90-talsmiljøet oppstod også Den 12. Mann, som var medlemsfanzina til Brann Supporter Team. Medlemsfanzina starta opp i 1996 og vart svært viktig for meg personlig som pur ung Brann-supporter på leit etter kva som var den rette måten å vere Brann-supporter på. I Den 12. Mann kunne eg lese om kva supporterklubben jobba med, reisebrev frå andre land, synspunkt på Brann, samt praktisk info om kommande borteturar. For meg som fersking på Store Stå var akkurat slike ting heilt nødvendig å vite, så eg nileste kvart einaste ord.

Sjølv om BST etter kvart gjekk konkurs(!) levde Den 12. Mann likevel vidare som medlemsfanzine for Bataljonen, som vart fødd ut av asken i 2003. I fjor skulle bladet hatt 25-årsjubileum, men dessverre har vi ikkje greidd å få laga nye utgivingar dei siste par åra. Det har vore tidkrevande og dyrt å halde bladet levande i sin opprinnelige form. Derfor tok Bataljonsstyret i 2021 ein fot i bakken og konkluderte med at papirbladet skulle leggast ned. Men det skal meir til for å knekke ein institusjon som Den 12. Mann. Sjølv om papirbladet vart erklært dødt, vart det samtidig vedtatt at Den 12. Mann skulle gjenoppstå som nettblogg og podkast. Vi har greidd å få på plass ein fantastisk engasjert redaktør og ein smidig redaksjon for nysatsinga og kan no endelig erklære at Den 12. Mann endelig er tilbake!

Artig nok skjer dette omtrent samtidig som to nye papirfanziner har blitt fødd ut av den herlige, brokete Brann-familien. Både Øl, kjøtt og tribunekultur og Forbannelsen såg dagens lys i fjor og går inn i den tunge fanzinetradisjonen rundt Sportsklubben Brann. Få ting gjer meg meir glad enn nye initiativ frå grasrota. Forhåpentlig vil fanzinene leve godt vidare side om side med Den 12. Mann.

Sjølv om Brann er rykka ned, skjer det utrulig mykje positivt i supportermiljøet rundt klubben. Desse historiene vil vi få fram i Den 12. Mann, slik at kulturen kan vekse og blomstre vidare. Men det vil nok også bli skråblikk, analyser, sterke meiningar og mykje anna snop som våre medlemmar kan kose seg med. Og her ligg også ei oppmoding til alle: Bli med og engasjer deg i supporterrørsla! Skriv ein tekst til Den 12. Mann, bli med oss og lag tifo, ta bilder eller kom med dine forslag til nye sangar! Bataljonen skal vere ein brei og inkluderande supporterklubb for alle med hjartet i Brann. Vi vil gjerne ha deg med i vår stadig større dugnadsorganisasjon.

God lesing, og gløym ikkje å også abonnere på Den 12. Mann som podkast!

Erlend Ytre-Arne Vågane

Leiar Brann Bataljonen Bergen

Relaterte artikler

Diaspora? Diaspora.

Av Helge I ukene før påsken 2022 fikk byen Oslo usedvanlig mye omtale i så vel tradisjonelle som sosiale medier. For noen av oss som

Read More »

Husk partoutkort.no

Januar 2022 dukket plutselig en ny nettside opp det store internettet. Partoutkort.no kom til verden som en frisk pust i et ellers kjipt vinterhalvår der

Read More »

SK BRANN – VÅR GUD

Det er søndag 12. desember 2021. Klokka er 17.00. Og om to timar skal verda gå under. Eg har orkesterplass til undergangen. Femte rad. Midt

Read More »

Trollet ska hem!

Jeg har mange venner og bekjente som kunne passet godt til beskrivelsen “Stadiontrollet”. Skjeggete menn med til dels rund kroppsform og en noe uforutsigbar atferd.

Read More »

Dagens profil: Tuva Hansen

Tuva Hansen skriver historie før hun hadde spilt en eneste tellende kamp for Brann. Hun er tidenes første kaptein i et kvinnelig seniorlag for Brann.

Read More »

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.